Kva er spesielt med garn fra Bømla Garn?
Alt garn frå Bømla Garn er farga for hånd i små parti. Fargevariasjonar er ein del av det handlaga uttrykket.
Me jobbar langsomt og bevisst for å skapa garn med liv, dybde og særpreg.
Kva er naturfarga garn?
Naturfarga garn er farga med planter, sopp eller lav.
Fargen framkallast ved hjelp av tradisjonelle teknikkar.
Resultatet påvirkasts av fiber, råmateriale og fargebad og kan derfor ikkje gjentas helt likt.
Kva er redningsgarn?
Garn som har fått nytt liv gjennom ny farging.
Dette garnet er laga av resteparti kjøpt frå butikkar i Noreg, og har fått nytt liv gjennom vask og omfarging. Garnet har hatt ein farge frå før, og er deretter reinsa og handfarga på nytt i små parti.
For å unngå misforståingar kring opphav, oppgir me ikkje namn på produsent eller tidlegare farge.
Korleis bør eg vaska garnet?
Me anbefalar handvask og tørk plagget flatt. Bomullsgarn kan vaskast på 60°C Vask gjerne separat første gong.
Kan fargen smitte?
Noko overskuddsfarge kan forekomme, særleg ved første vask.
Vask alltid separat første gong.
Vil fargen holda i vask?
Naturfargede fargar kan endra seg noko over tid.
Me anbefaler håndvask og å unngå direkte sollys ved tørking.
Brukar dåke giftige kjemikalier?
Nei. Bømla Garn bruker enten naturmaterialer, matfargar eller giftfrie fargar.
Fargeteknikk er alltid oppgitt på produktet.
Kan eg bestilla samme farge igjen?
Me kan lage nye fargar i samme uttrykk, men naturfarging kan aldri gjentas heilt likt.
Små forskjeller er ein del av handverket.
Er garnet egna for barn?
Garn farga med matfargar, eller giftfrie farger er godt egna.
Naturfarga garn er trygt i bruk, men me anbefalar å vaske plagga før bruk til baby og små born.
Kor leverer dåke?
Me leverer varer kun til kundar som har adresse og er busett i Noreg.
Kor lang er leveringstida?
Bestillingar vert normalt sende innan 3-7 kvardagar med Posten/Bring.
Betaling
I nettbutikken kan du betala med kort.
Me tilbyr ikkje betaling med faktura endo.
Alle betalingar vert handsama trygt via SumUp.
Kan eg returnera varer?
Ja, du har 14 dagars angrerett frå den dagen du mottar varen. Sjå sida Angrerett og retur for meir informasjon.
Kven kan eg kontakta om eg har spørsmål?
Me svarar så snart me kan via kontaktskjemaet i nettbutikken.
Nettbutikken er driven på nynorsk. Nokre systemtekstar kjem automatisk frå plattforma og kan difor vera på bokmål.